AKTUELT

19/12-13: Referat fra styremøte 15/11-13

Publisert: 02/01/19 oppdatert: 02/01/19
Oppsummering av referat frå  fylkesstyremøtet i Støttegruppa 22.juli, Møre og Romsdal
  • Nytt frå Nasjonal støttegruppe:

Ref. frå møte nr. 7: 13. sept. 2013:

 

Ei klagesak som gjaldt erstatning for søsken , har blitt tatt til følgje. Alle bistandsadvokatar har blitt orientert om denne saka, slik at dei som ev. er i same kategori også kan klage, men dette må gjerast individuelt. Det er viktig å ta med følgjande moment: «Vise til en klage som har ført frem, og at det må anses som vesentlige nye opplysningar i saken og anmode kontoret om å ta opp saken sjølv om klagefristen er utløpt». Elke- Maria Bunk arbeider med denne saka. Det er lagt ut info på FB vår om dette.

Neste styremøte i NSTG er:  15.nov. 2013.

Møte i samarbeidsorganet HD 19/12 -13. Møte med statsministeren sitt kontor 18.12. Stikkord: 5 års perspektiv, 22.juli kommisjonen sin rapport, krisevegleiaren til Helse- direktoratet,  fortelje kva som skjer lokalt.

 

  • Orienteringssaker frå eige fylkesstyre:

Danning av kompetente kriseteam i kommunane v/RVTS . Fylkesstyret er klare på at vi ynskjer ein med eit koordinerande overordna ansvar for kriste teama i kommunane. Fylkesmannen er positiv til dette. Vi har også kome langt i å implementere fylkeslegen i dette arbeidet. Vi ynskjer at det skal dannast eit nettverk av kriseteama og ei kompetanse heving her.

Fylkesmannen har fått oversikta over ungdommane som var på  Utøya frå Møre og Romsdal og kvar dei pr. i dag be finner seg geografisk.

Gjennomgang av praktiske detaljar rundt likemanns samlinga i Kristiansund 16-17.nov.

Ang. vedtak om bruk  rekneskapsfirma.  Styret ville  vente med eit  ev. vedtak på denne saka til vi har eit konkret tilbod frå eit rekneskaps firma.

Likemannssamling i 8. mars, Ulstein Hotel. Styret vart samde om  eit pris forslag til foredragshaldar; GLADiator. Styret diskuterte ulike detaljar rundt likemanns samlinga.

Årsmøtet: 8. mars 2014 i Ulsteinvik.  Fristar for kunngjering av ulike dokument til medlemmane er 12. jan 2014 samt utsending av sakliste. Styret vart einige om å legge neste styremøte til 10.-11.januar i Ålesund, der vi vil arbeide vidare med førebuingane til årsmøtet.

 

Margun Vartdal Romestrand , sekretær.